Her kan du lese om vår politikk!
Vi går til val på dette programmet:
Vi går til val på dette programmet:
MDG Surnadal vil:
● redde elvene i Surnadal og arbeide for årleg dokumentering av elvene med drone
● gjere midlar i det lokale havbruksfondet tilgjengeleg for dei som arbeider for auka laks og sjøaurebestand i elvane våre
● være eit talerør til nasjonal myndigheit for å sikre matjord langs vassdrag
● auke kunnskapsnivået for å redusere sprøytemiddelbruken
● auke bruken av norske fôrressursar
● begrense nedbygging av matjord, og arbeide for auka sjølvforsyning og mattryggleik
● bidra til møteplassar for lokale matprodusentar og fremje lokal matproduksjon
● stimulere jordbruket til større del regenerativ og økologisk drift, gjennom kompetanseheving støtta av landbruksfondet
● opprette fleire slåttenger i kommunen
Natur og miljø
MDG Surnadal vil:
● følge opp forpliktande klima- og energiplanar
● følge opp klimabudsjett
● at nykjøp/leasing av bilar til kommunen bør vera elbilar eller andre bilar med lågt utslepp
● etablere ladestasjonar på alle offentlege arbeidsplassar
● satse på sykkel, gangvegar og betre kollektivtransport
● ta i bruk alle eigna kommunale tak til solenergi
● seie nei til vindkraftutbygging i urørt natur
● at alle kommunale nybygg og anna infrastruktur skal BREEAM-sertifiserast
● ha nullvisjon for tap av artsmangfald
● at kantslått langs vegar skal spele på lag med biomangfaldet og trafikksikkerheita
● styrke vernet av skog, våtmark, fjordbotn og andre artsrike biotopar
● at folk skal bli glad i naturen, og støtte lag og foreiningar som legg til rette for friluftsliv
● fortsette arbeid mot spreiing av miljøgifter og gummigranulat
● bidra til utrydding av uønskte artar i naturen
● at delar av sommararbeid for ungdom skal vere arbeid med biomangfaldet i kommunen
● arbeide for fornuftig bruk av snøskuter
Oppvekst og inkludering
MDG Surnadal vil:
● legge til rette for systematisk arbeid for trivsel og inkludering for elevar og barnehageborn
● arbeide for at skular brukar læringsplattformar som er reklamefrie
● vurdere bruk av I-pad i småtrinnet
● arbeide for å etablere skulehagar i samarbeid med lokale aktørar over heile kommunen
● arbeide for rimeleg, berekraftig og lokalprodusert mat på alle skulane
● styrke faglege møtepunkt mellom skular og bedrifter
● styrke samarbeidet mellom tillitsvalde og politikarar
● støtte frivillige organisasjonar sitt arbeid med aktivitetar for barn
● ha utvida opningstid i svømmehallen i skuleferiane
● innføre bilfrie og trygge soner kring skulane
● arbeide for eit sterkt skulebibliotek i samarbeid med folkebiblioteket
● arbeide for mobilfrie skular i kommunen
● styrke og sikre eit godt inkluderingsarbeid for flyktningar som kjem til bygda, med mål om at dei skal bli i kommunen
Folkehelse og Omsorg
MDG Surnadal vil:
● legge til rette for sunn livsstil og førebygging av sjukdom
● vi vil at legane held fram med å bruke grøn resept
● sikre tilstrekkeleg med omsorgsbustadar
● sikre god demensomsorg gjennom kultur- og folkehelsearbeid
● høg prioritet på psykisk helsevern og rusomsorg
● støtte frivillig arbeid i helse- og omsorgssektoren
● bygge trygge gang- og sykkelvegar i heile kommunen
● bygge elvepromenade langs Surna
● oppretthalde ambulansetenesta slik den er i dag
Kultur og frivillighet
MDG Surnadal vil:
● støtte frivillig arbeid og kulturarrangement
● at kulturskulen held fram å vere eit allment tilbod
● utvikle bibliotektenesta, samt oppretthalde noverande bemanning ved biblioteket på Skei
● støtte kulturprosjekt kor innvandrarar deltek med sine tradisjonar, og gje dei kjennskap til norske
● behalde og støtte drift av kinoen
● stimulere til auka samarbeid mellom offentleg sektor, private og frivillige
● gi frivillige organisasjonar gratis eller rimelege møtelokale, også i kulturhuset
● ha støtteordningar til lag og organisasjonar som bidreg i kampen mot plastforsøpling
● utvikle frivilligsentralen
Næring og bu-/ bli lyst
MDG Surnadal vil:
• stimulere til satsing på det reiselivet vi har
• legge til rette for ny berekraftig knoppskyting, basert på lokale naturgjevne forhold, og samarbeid med kulturlivet.
● bidra til å utvikle eit mangfaldig og framtidsretta næringsliv
● oppfordre private bedrifter til å samarbeide med og nytte seg av lokale produsentar og leverandørar
● samarbeide tett med næringsforeininga og aktuelle næringsaktørar
● arbeide for sirkulærøkonomi i kommunen
● oppfordre offentleg sektor til å stille krav som fremmer grønt næringsliv
● stimulere arbeidslivet og kommunen til å ta imot lærlingar og personar med nedsett funksjonsevne
● støtte opp om fagutdanning og høgare utdanning i Surnadal og på Nordmøre
● at minst 30 % av næringsfondet skal vere øyremerkt grøne næringar eller etablering av fornybare energikjelder/ENØK, klimabudsjettering og rekneskap
● støtte opp om næring som er eller vil etablere seg utanfor sentrum
● oppretthalde og arbeide for spreidd busetting i kommunen.